Lyngdal kommune ønskjer godt nytt år til alle innbyggjarar, tilsette og besøkande.
Her på heimesida har me i tillegg eit nyttårsforsett for 2025. Det er å auke mengda nynorsk i artiklar og på informasjonssider. Det skal ikkje så mykje til, sidan nynorsk-bruken er temmeleg nær null i dag.
Lyngdal er ein språkleg nøytral kommune. Men den dominerande bruken av bokmål i den kommunale forvaltninga vitnar ikkje om det. Nå ønskjer me å gje meir rom også for nynorsken, som trass i alt ligg tettare opp til talemålet i det aller meste av kommunen vår enn det bokmål gjer. Så i tida som kjem vil du her på heimesida til kommunen også få informasjon skrive på nynorsk, når dette er meir naturleg enn å nytte bokmål. Dette er noko som frå einskilde hald er etterspurd, og som me frå og med 2025 ønskjer å imøtekome.
Via lenkene under kan du lese årets jolehelsingar frå ordførar Unni Nilsen Husøy, og kommunedirektør Kjell Olav Hæåk.
Lenke: Jolehelsing frå ordføraren
Lenke: Jolehelsing frå kommunedirektøren
Godt nytt år til dykk alle i 2025!